torsdag 11. mai 2017

Bl♥mster både ute og inne ♥

Det er den tida på året der eg planter 
blomster i bedd, krukker og på gravsted.
Men også inne held eg på med blomster,
som på dette tag'en
med digi frå Lacy Sunshine.
 Stencil og paste: nordic frå Tim Holtz
Stencil og distress ink: Dylusion's Numbers
 Har fargelagt motivet Circus car med promarkers.
Washitape
Blomster frå Wild Orchid og Storyteller
Eg e diverre litt lite oppfinnsom sidan dette 
er den tida på året eg er mest utandørs.
So motivet er det samme som sist,
men formen og fargane er forandra :)
Deltek med min blomstertag på
mai-utfordringa til ArJo's tag og ATC

fredag 5. mai 2017

Eit liten og søt sjiraff ♥

"Bruk blomster" heiter maiutfordringa hjå Papirlosjen
Vi i losjen har blitt sponsa av Lacy Sunshine
og eg har brukt ein digi som heiter Georgie's circus car
Som de ser har eg laga det slik 
at eg har brukt kun øvste delen.
Eg har ein hoven knoke, 
so det va litt vanskeleg å fargelegge heile motivet.
Ikkje hadde eg so god anledning helde.
Det e vår og NYDELEG ♥ veir ute.
Eg deltek på følgande utfordring:
Hobbygarasjen ~ #48 blomster
Scrappiness ~ #4 Fargerikt

mandag 1. mai 2017

17 mai, del to ♥

"Baksida" på min fyste heilsides PL
høver godt til 
Project Life i Norge si mai utfordring
JA vi elsker dette landet ♥
Ved kyrkja står der to bautaer ↑ ↓
over falne breimningar under 2 verdskrig. 
Desse vert markerte kvert år.
Vi har godt av å bli minte på kva som skjedde.
Eg er inspirert av fargane raudt & grønt og teksten.
Det er viktig å leve i nuet, men ikkje ta noko for gitt ...

Utklippsarket eg har brukt heiter Nasjonaldag og du finn det her
Elles er det Maja Design som har det rutete arket.

Project Life ~ 17. mai 2016

I dag er det klart for ny utfordring hjå Hjerteboden.
Vi vil sjå at de brukar flagg, vimpler og/eller banner
I høve PLiN sin 3 års dag vart eg inspirert til å byrje med Project Life. 
Eg har ein del lommar, ark og bilder til det,
men liksom aldri tørt meg utpå den vegen...
Utklippsark frå Papirdesign ~ Nasjonaldag
Kjempeflott at produsenter lager slike ark ♥
Då slepp ein leite seg galen på kort som passer i hop ;)

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥