torsdag 30. mars 2017

Blomstrende posekort

Eg har alltid villa lage eit kort med
blomster som midtpunkt.
 Doily-dies frå Joy (trur eg..)
 Blad frå thinlits til Tim Holtz
Det kvite er paste og crackle medium.

Eg deltek i denne utfordringa/
I am participating this challenge:
scrapki-wyzwaniowo - numbers 
I've used a homemade stencil

tirsdag 14. mars 2017

Dåpskort til Emma ♥

Ferdig fargelagt motiv
Wee stamps -arket heiter Posey, du finn liknande her.
Eg har brukt mønsterark frå Prima ♥
Det passa perfekt til fargane som var i motivet :)
Dies med små blomster heiter retroblomst
og er kutta ut av diverse bazzill.

Det som e litt moro
er at når eg fekk sjå nokre bilder frå dåpen,
hadde kaka nett dei same nusselige blomane ♥

torsdag 9. mars 2017

Inspirasjonsbidrag

for Papirlosjen
der utfordringa er vinger
Star Stampz
Mønsterark er kjøpt på Nille
Kantpunch Martha Stewart
Magiske øyeblikk er klistermerker frå Papirdesign 
Pinnen fann eg ute i hajen i dag ☺

Håpar du finn inspirasjon og blir med
på utfordringa du óg.

søndag 5. mars 2017

Dørskilt

til ein gut som heiter Sigurd,
framtidig drakedreper ;)
Motivet kjem frå Star Stampz
 som er månadens sponsor hjå
Papirlosjen, der utfordringa heiter vinger
 Har brukt tørr pensel og art alchemy, akryl måling.
i forskjellige fargar.
 Vart so mykje skugge når eg tok bilde rett over,
difor tilten

Ogso har eg fått hjelp av Anita Sæterdal til å fargelegge motivet
Eg er ikkje trygg på store felt.
Skal på fargeleggingskurs i dag, 
so det kan hende eg vert modigare 

Elles fekk eg omsider brukt dei
fargeglade chipboard-bokstavane
til noko anna enn skuffefyll ;)

Håpar du fann inspirasjon til å vere med på utfordringa vår.
Fin premie til den som vinn.

Eg deltek på følgande utfordring:
Scrappelyst - 3 på rad
midterste rad vannrett (chipboard, stempel, medium)
chipboard - bokstaver
stempel - StarStampz
medium - paste, texture paste,  svart gesso og art alchemy acr. paint.

onsdag 1. mars 2017

Tidlig påske

hjå Hjerteboden i år ♥

Eg har laga eit kort med 
plass til ein kvikk lunsj
Friske, herlige fargar.

Mønsterarket er  
Homemade lemoncurd,
ark frå Maja Design.

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥