tirsdag 31. mai 2016

12 tags of 2016 MAY

Eg føle at eg fekk ikkje heilt dreisen 
på denne mnd's utfordring frå Tim Holtz
Eg prøvde fyst med Finnabair stempel og rosa spray.
Vel ... det vart FOR rosa (det går faktisk an..)
Den andre med distress ink, det vart for forsiktig..
So sa eg no eller ikkje:
Eg e nøgd med resultatet ♥
***
Byrja med ein # 8 tag
Tok på washitape og stempla vespa'en
Modeling paste, stensil ~ flourish ~
 Har brukt diverse friske fargar frå distress paint
Blomster frå Wild Orchid Crafts
litt gesso rundtomkring

mandag 30. mai 2016

Eksplosjonsboks

.. er perfekt til å huse gåve til konfirmanten.
Eine er dotter til postbud-kollega,
den andre er niesa til kjærasten min.
 Inni lokket ↑
 Utbretta med lokk
 Sidan det va eit fotballinspirert kort, 
må man ha med flaggpåle ;)
 lukket
 utbretta innside ↑
 utbretta utside ↑
***
 Mange flotte visdomsord på stempel 
frå Kort & Godt
Papira er frå Papirdesign: Muligheter 
 Utbretta inni med lokk
 I solskinet ♥
Inni lokket ↑

Denne ↓ lagde eg for kollegaane mine :)
Ei stor fystikkøsje omlaga til pengeskrin ♥

torsdag 19. mai 2016

Kort kit frå Scrapomania

På slutten av forrige månad 
fekk eg i hende eit kit frå Scrapomania.
***
No i det siste har det gått KUN i konfirmansjonskort,
gjere klart til konfirmasjon i kyrkja, 
+ talen min til dei håpefulle ♥
so eg har fatisk ikkje hatt anledning 
til å tenke på eller kretse rundt anna.

Men torsdag 19 va min tur til å ha 
inspirasjonsbidrag i Papirlosjen.
So då vart det 2 floger i ein smekk då.
Ein tag til brudeparet 
med ferdig fargelagt motiv 
 Sarte, vene fargar med glitter på.
 Eg likar ikkje so godt ordet kjærlighet,
KJÆRLEIK er mykje beire ♥
Men eg brukar no det eg får utdelt ... ;) 

fredag 6. mai 2016

Turkis tag

Dagane går i eitt no, eg kjenner pulsen stige mot neste helg.
Då er det konfirmasjon i Breim ♥
Men innimellom prøver eg å få delta på nokre utfordringar.
For moro skuld ;)
Nokre bloggar har avstemming,
nokre velge ein dei likar aller best
og somme stader er det Mr. Random som bestemmer.

Deltek på følgande utfordring:
Scrappelyst ~ Bruk av stensil
Eg har brukt stensil'ane doily frå Prima
og ein swirl frå Tim Holtz
***
Har tatt ein stk pappbit ca 8 x 15,5 cm,
måla den med gesso.
Brukt modeling paste og stensil.
So påført distress ink med pensel.
Og nokre dråpar med utblanda Mica powder
og strokje utøve.
Limt på osteklut og blomster.
Og stempla ord frå Papirdesign ( I l♥ve them)
+ bling og blonde

GOD HELG 


torsdag 5. mai 2016

Fargelagt med Distress ink

Ny utfordring hjå Papirlosjen

 Denne månaden e det 
♥      BRYLLAUP      ♥
som er tema

Mitt bidrag kom nett i siste liten, 
fordi eg e ein slaur.
Hehe, nei det e mest fordi det e VÅR 
og mykje å vedlikehalde ute.
Uansett, mitt bidrag:
Distress ink:
Festive berries & Worn lipstick 
til dei små hjarta og blomane
Mowed lawn til blada og swirlane
Tattered rose til hjarte
Hickory smoke til banneret
Halvperler i midten på blomane
3Dputer for å løfte motivet

Eg e i grunn ganske nøgd ;)

Ønsje deg ein flott Kristi Himmelfart ♥

I am participating here:
All Dressed Up ~ Challenge 54 - anything goes

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥