torsdag 30. juli 2015

12 tags of 2015 july

Ein ny månad er snart omme og det er dags for 12 tags of 2015 
(alltid i siste liten her vettu')
Tim Holtz har laga ein tag om 4 juli og USA
då tenkte eg at 17.mai og Noreg var på sin plass
 Serviett er eg har spart på. 
Bildet er ein #selfie tekje på #nasjonaldagen vår.
Setningane og orda printa ut frå eigen pc.
Banda har eg kjøpt på Nille oppigjøna åra.

søndag 26. juli 2015

Førdescrappen 23-25 oktober 2015

I slutten av oktober arrangerar 3 kjekke 
damer frå Sogn og Fjordane
Førdescrappen for interesserte.
Eg er ein av dei interesserte og kjenner godt 2 til som skal :)
Dette blir noko heilt anna enn å sitje på bakrommet på ein butikk ;)
(orsak Inka ...)
Her blir det kurs med Kirsten Hyde
Oppdateringer etter kvart ;)
Gå innpå å sjå då vel, 
og er du i nærleikjen synest du kan melde deg på :)

torsdag 23. juli 2015

Washitape-kort

Vart so inspirert av Camilla Halseth sitt kort 
i Ett Trykk 4/2015, at eg har laga nokre sjølv.
Skal ha dei for sal i lag med mange andre
under frilufthelga i Hyen som e komandes helg :)
Rosa variant med sommarfugl
Dies: Bo Bunny
Blå-grøn variant med tog
Dies: Marianne design
 Raud variant med hjarter
Dies: Marianne Design
2 like i rosa med forskjellig tekst
Tekst frå Papirdesign
( I ♥ them )

Washitap 'ane har eg kjøpt rundt-om-kring
søstrene Grene, Panduro

Håpar du har ein fin sommar, UANSETT veir ;)

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥