søndag 20. april 2014

Dåpsbarnet Eiril ♥

I dag vart Eiril døypt i strålande flott påskeveir :)
Og tante meg har pånytt laga eit kort eg e nøgd med.
 Papir frå Lili of the Valley
~ Heartfelt ~ 
Stempelet e óg derifrå 
*Baby Christening*
Har brukt Promarkers: ice grey 1 & 2 +
tulip & sunflower på vindauget.
Baby pink på kjolen.
Leaf green på blada.
 Blomster frå Wild Orchid Crafts
Skeia har eg kjøpt på ei facebook-side.
Knappar på europris
Blonden frå Voss
- lagt i kaffi for å få rett farge.
 Tekst "Margot" på pc.
Sommarfuglane frå silh. sd
Personleg stempel.
Botnpapiret er bazzill Vanilla.

Deltek på 
ABC Challenge  - ‘J is for Just As You Like’

Håpar du har hatt ei fin påske. 
Klem frå Frk. Bogstad

søndag 13. april 2014

Blogcandy for 2 personar ...

Eg føler meg verkeleg som ein 
TAPAR 
når eg legg ut candy og det kun e 2 som er interessert!!
So då blir det inga trekking, men eg sender likt til dei to som brydde seg.
Stensilane har eg kun eitt eksemplar av,
so eg lyt finne på noko der ..


søndag 6. april 2014

Gjenbruk

Eg tar vare på litt 'a kvart som enkelte andre hiv
so fort dei e ferdig m det som va inni. 
Til dømes bobleplast = det kan eg måle på å få artige dottar på prosjekta mine.
Papp med riller (til dømes om du bestiller frå Eurofoto) kan gje fin effekt.
Papp generellt tek eg vare på, for dei kring 1mm går greit gjennom Big Shot'n ;)
Dei på ca 2 mm gjer ikkje det ...
Dorullkjernar = kan bli flotte minialbum.
Saft som rødbetar har lógge i, gjev flott mellomrosa farge på kvitt papir.
For litt sidan sku eg lage meg smootie, 
men so var nokre av dei blåbæra eg sku bruke 
for opptint FØR eg la dei frysen - so det va berre ein klump. 
Då hadde eg vatn i posen,
over i ein bolle - la kvitt papir nedi og vips hadde eg fått blålilla papir :)
Sfnixøsjer lagar eg små skattekammer av.
~ Har til no gleda 2 sjeler med det ~
***
So der e mångt som kan nyttast meir enn det det er tenkt til  
Ynsje deg ein fin kveld
Takk for at de som kommenterar -gidd, eg set veldig pris på det ;)

Mvh Frk. Bogstad



Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥