søndag 8. september 2013

Fargelagd med Promarkers

Laurdagskveld er blitt noko litt sårt for meg.
Etter å ha køyrt lang postrute på dagen, 
er det ikkje mykje eg har overskot til på kvelden.
So i staden for fest og moro eller familiekos som andre har,
sit eg einsleg nedi kjellaren min å puslar med diverse hobbyrelatert.
Ikkje det, eg trivst godt i mitt eige selskap,
men det e no litt stusseleg ..
***
I går var det å tusje med Promarker'sane mine
(som eg har kjøpt for leeeenge sidan - men ikkje hatt mot til å prøve)
***
For på torsdag va eg nemleg hjå Inger Karin
(kona til Ronny Rør)
og der tusja vi bl.a motiv.
Dvs eg sat vel mest å prata og stempla opp motiv eg ikkje eig sjølv ;)
Kjekt va det jaffal 
og om tysdag kjem med nedbør og styggeveir, 
skal eg tilbake
Her e mitt resutat frå laurdagskveld/sundagsmorgen:
Damen til venstre har brun str.bukse ;)
- eller nåkka sånt.
Ho i midten har ikkje fått farge på skjørtet sitt, 
for eg eig ikkje lilla-relaterte fargar :(
Endå.
Ho med buketten e nytusja, difor knallfargar.
***
Eg e ganske nøgd. 
Dette er mine aller fyste publiserte sjølvfarga motiv :D
Ynsje DEG ein fine søndag.

Klem frå Frk. Bogstad

psst: i går kveld la eg in 2 bestillingar på Joanna Sheen,
tusjar og diverse anna moro.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥