mandag 28. januar 2013

Livsteikn og handleGAL :)

Eg e her
Surfar kringom på spennande sider.
Nett no går det i mini scrap-album. 
How to make & sånn ;)

Elles har alle pakkane eg sat å bestilte i romjula/ på nyåret, komt i hus. 
Og o'lala kor mykje fint! 
Ikkje kosta det so hakkandes mykje heller.
Dessutan jobba eg nesten livet av meg før jul, so eg førrtene det!
Eg e jo veldig flink å bruke peng i norske nettbutikkar elles, 
so nåke dårleg samvet har eg ikkje.

Ein av tinga eg har bestilt er DCWV sin
~ Once upon A Time ~
Ein arkserie eg lenge har tenkt på, 
men har vå vanskeleg å få tak i.

Men so dukka denne opp: 

Ang. arka i den serien:
12"x12" - litt voldsomt akkurat i denne type ark ..
8"x8" - er ein veldig grei storleik.
4,5"x6,5" - nett passeleg til mine framtidige mini album :)
*****************
Ogso har eg kjøpt meg ein sånn:
+ rikeleg med refil tape

Gitar'ar med limpute på baksida
6,4 cm x 2,2 cm

Elles har eg kjøpt 
dylusions ink spray, stempel og stensilar
frå 
Art From The Heart.

Jaddå, so eg har å styre med ;)

Håpa DU har det bra.
Klem frå Frk. Bogstad

psst:
Tusen Takk for alle dei kjekke komentarane på Dåpskortet ♥

tirsdag 15. januar 2013

Dåpskort

Hei gøttfølk :)
Eg har lenge utsatt å lage dette kortet, fordi eg rett og slett ikkje heilt viste korleis eg ville ha det. 
Men dåpen er på laurdag og skal foregå i Polen, so nuh var tida inne om eg ville få det fram før den store dagen.
(det skal vere bagasjefyll med nokon som skal i dåpen, herifrå)
*******
*prinsessekort eller vanleg kort, 
staffeli, liggande, ståande, rosa, nøytral*
Månge funderingar, som vart til dette :
 Bildet funne på nett som har blitt fargejustert i bildeprog. på pc'n.
Fekk fram sepia -og rosafargen.
Blomster frå woc.
bling frå Panduro.
Charms-føtter frå Storyteller.
Osteklut (som faktisk er ein oppklipt linklut) er kjøpt på Nille.
Swirlen er ein Magnolia

Deltek på følgande utfordringar:

 Vart litt krøll med den fyste blonden eg la. 
So eg klæsa liksogodt ein rosa oppå.
Ikkje nøgde med det, 
men eg orka ikkje ta det oppatt/lage nytt.
Pengelomme 
Dåpsdikt
*** *** *** ***
Gløymde vist å ta bilde av baksida.
Men det va mitt personlige stempel 
på ein av mine nye dies frå Spellbinders.

Ynsje deg ein god kveld
Klem frå Frk. Bogstad.

torsdag 3. januar 2013

Veslemøy 13 år

I dag fyller mi yngst niese 13 år.
Dette er ei jente som likar fotball og bloggar om livet og mote.
Ogso likar ho å lage kort.
 Eg vil jo so gjerne at bildet på kortet skal stemme 
overens med mottakar, so her har eg leita grundigt ;)
(Veslemøy likar chinchilla og har blondt hår, men hallo?!? )
Bildet frå nett, søkte på Anime. 
Sommarfuglar frå silh.sd, embossa.
Blomster frå woc.
Papir frå Maja Design 
Gamle boksider har eg kjøpt av
S. Halseth, via facebook.
 Upon a time - Tim Holtz
Charms frå Storyteller.

Legg kortet til på utfordring hjå Hjerteboden

Der er det óg ein blogghopp de kan delta på :)
Mange nydelige detaljerte kort dei har laga ♥ 

Ha ein flott dag.
Klem frå Frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥