lørdag 17. november 2012

Sjokoladekort

I går hadde systra mi jebbus.
Ho er 21 år eldre enn meg, so kan de rekne sjølv ;)

Marie er sy(maskin)dame.
Ho syr bunader, kape'r, dåpskjolar, brudekjolar m.m
og
er den flinkaste EG veit til å quilte, applikere, finne fargar/mønstre som passar i hop.

Eg har lenge tenkt eg skulle bruke min Tim Holtz dies ~ mini sewing room set ~ å lage noko stiligt til ho.
Og sidan eg er inni ein *flow* av sjokoladekort-kreasjonar for tida, vart det ein kombinasjon.
So her e mitt resultat:
 Tekst skreve ut på pc
Blomsterperlene trur eg kjem frå Panduro
 Denne har eg hatt i haudet mitt leeenge :D
 Min syster likar best mørk sjokolade

 Charms frå kog
Blomster frå woc
 Symaskin-charms frå kog
Knappar frå basic grey
 Blonden trur eg eg har kjøpt på Voss
Embossa hjørne og sommarfugl 
Mitt personlige stempel, embossa
Punch frå MS
♥ it

Deltek på Anonyme Scrappere sin
Utfordring # 54 - pose eller sjokoladekort

Hej då :)
Klem frå Frk. Bogstad




tirsdag 13. november 2012

Pappa 83 år i dag

..og min pappa elskar alt som er søtt.
Difor lagde eg eit sjokoladekort til han.
Mønsterpapir frå 
Ladybug and friends 
~ light a candle ~
3D Robin frå Papertole
 Pappa frå Silhouette sd
skrevet med *Wanted* skrift

Eg trudde fram til i går, at Marianne sin mal va laga for store plater, men neidå!!
So då matte eg forlenge og gu' hjelpe seg kor mykje papir som skulle til.
Både botn og panel.
So no har eg kjøpt 100 grams sjokoladar ;)

Ha ein flotte kveld.
Klem frå Frk. Bogstad

søndag 11. november 2012

O' lala

Hei :)
Eg har eit nydeleg bilde 
av dottera til ei venninde, 
-ståande i blomstereng-
som eg vil lage LO av. 
Eg har eit vell av fargar og ting
som skal vere med på den,
inni haude.

Men so har det seg sånn at eg har aldri laga det før. 
Og då byrja jo leiting etter sider om det temaet. 
Fann Ulrika si bloggside og 
o'lala for nokre lekre 
LO'ar ho kreerar ♥

Sjølvsagt er der andre som óg 
lagar vidunderleg flotte layout's,
men denne beit eg meg fast i ;)

Ha ein god kveld :)



fredag 9. november 2012

Mi eldste niese har nett fylt 35 år

.. og då må man lage skikkeleg kort.
Sidan ho óg er ei kreativ sjel ;)

Det vart Hopeful frå Hobby House
dei ferdig fargelagde som eg er so gla i :)

 Det vil ta mange timar før eg klare å fargelegge so bra.
Heimesnurra blomster.
Det blå bak bildet er frå ei 
dongeribukse eg har vokse or ;)
Blonden har bada i kaffi.
swirl frå Magnolia 
 pebbels kjøpt frå Heidis Hobbystuggu
(som diverre er lukket & låst)
 Hopeful

skrivefelt på *halv 8*

Kan nett hive den med på ei utfordring.
Kjekt med litt spenning i kvardagen ;)

Papiravisen har denne mnd:
Utfordring  # 17 med tema: Anything goes

Ha ein fine dag og
GOD HELG
Klem frå Frk. Bogstad

mandag 5. november 2012

Omsider ...

Eg sit å funderar kvar ein dag 
over korleis eg ska gripe 
an julekortproduksjonen.
Det e toskete å sitje å lure på sånt. 
So no har eg tekje spranget  ;)

Denne bedårandes skapningen fann eg på ei av mine bloggrunder.
Var inn på nettsida og bestilte meg nokre die-cut card toppers.
*FERDIG FARGELAGDE*
Sidan eg er håplaus til det.
Endå ..

Arket er frå Papirdesign og heiter Vintertid.
Metallpynt/charmsa har eg kjøpt hjå Inka, so det e nuk K&G
Halvperlene kjøpte eg i lag med card toppers'ane,
dvs frå Hobby House.
Snøfnugg frå Panduro
embossa med clear emb.pulver
Bilde som ikkje vil snu seg
er irriterande. 
Men sånn ser kortet ut med blitz

Eg deltek på Anonyme Scrappere si 
utfordring # 53 - metallpynt/charms
-ta gjerne med embossingpulver på prosjektet-


So då e det vel berre å fortseje med resten av julekorta 
no når man e i siiiget ;)
Eg har so månge idéar inni hauda mitt, atte helledussan!!

Ynsje deg ein god kveld :)
Klem frå Frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥