søndag 28. oktober 2012

Kort & Godt - ny blogg

I mi surferunde ramla eg over at Kort & Godt har starta ein ny blogg:
GALLERI med papirprosjekter fra Kort & Godt's Design Team.

Og for å feire det, har dei laga til den 
MEGADIGRE 
blogcandyen. 
Har ikkje sett større candy eg!!

So kom deg innpå og sjå
alt det fine dei lagar, HER .

Eit bilde av den enorme candy'en :)

Dobbelt link, men vart so oppsjørta og forkava.....

Eg kjenner at eg e heilt mo i knea (og eg sit) av å sjå dette bildet.
Alt det fine skal ein snute vinne ..
snurreblomster, blonder, charms,stempler m.m
Aj, aj, aj ..

Ha ein god kveld folkens.
Klem frå Frk. Bogstad

ps: om eg e so heldig å skulle vinne alt dette,
skal det delast med dei 4 kortmakar-venidene mine.
For so mykje kan man ikkje sitje med sjølv.
Men det er litt som å vinne i Lotto.
Det vert aldri min tur ...

søndag 14. oktober 2012

Promarker kurs

I gårkveld var eg med på 
Promarker kurs i Førde, 
arrangert av Aktiviteter i Førde 
Det var kjempekjekt og det hadde ikkje 
gjort meg noko om kurset va 2x2 timar.
Men vi fekk no lært litt :) 
Fargelegging av gjerde, sopp, ansikt og hår.
Men sidan eg ikkje har alle dei kombinasjonane 
Anja hadde, vart mine gjerde ganske *pale ...
So no har eg lagt in ei bestilling hjå JS :)
Jihuuu!

Hår derimot, klarte eg bra. 
Men eg må øve, øve, øve meir ;)
***************
Her er det tutorial på hud og auger.


her og her  viser korleis man fargelegg brunt hår

No skal eg bruke denne herlege innesøndagen 
på å fargelegge med dei tusjane eg har
og organisere "rotet" mitt.

Klem frå Frk. Bogstad ♥ 

torsdag 11. oktober 2012

Surfin' tutorial's

Den der anonyme timeglas -greia, tok heilt futten frå meg.
So desse dagane etterpå har eg ikkje fått utretta noko.
Og no som eg skulle bjønde på julekorta ..
Men eg har surfa nettet då :)

Og der fann eg diverse veldig flotte ting:
Gunn's papirsyssel: gaveeske med tutorial , 
Marianne's papirverden har so mykje flott, at til tider sit eg berre å gispar etter luft: 
Begge fine julegåver til den som *har alt*.

Tar med nokre til frå Marianne: 

Her e nokre andre sine tutorial's / steg for steg
Spåkorg   

Eg ska lage meg eit tag-kort eg
Klem frå Frk. Bogstad



mandag 8. oktober 2012

Anonyme timeglas del 4 - Halloween

Eg stod opp med glede sundagsmorgong, 
spent som ein boje på kva del 4 
til anonyme scrappere's timeglas innehald.

Det va som om korthuset mitt raste i hop ...
Korleis i hattifnatten ska eg kunne lage 3 delar av ein ting på 2 dagar, 
når eg brukar 2 dagar på eit kort?!?!?!?!? 
Og når eg tenke 3 delar, er det 3 ULIKE delar. 
Kanskje eg berre gjere det vanskeleg for meg sjølv med det??

Søndagen brukte eg til å tenke. I dag har eg spekulert. 


Tema:

Anonyme Timeglass Høst 2012 er

IKKE KVADRATISK eller REKTANGULÆRT
- du kan videre velge selv om du lager kort/LO/kreasjoner

Del 4: Matching

Lag ett matchende sett på 3
(du velger innhold)

Eg har laga eit Halloween sett
Kiste, lantere og eit kort

Kiste fyllt med godis
Swirlen på kistelóket er embossa 
og har fått på halvperler på høvelege stader ;)

 Eit Halloween kort.

 Ghost lanterne med lys i :)
Spoooooooooky


 Alt er skjært ut av Silhouette sd

Eg er ikkje 100 % nøgd
långt darifrå.
Men eg ville nett levere siste oppgåva óg.
~ Never give up ~

Men eg kjem til å finne meg andre kveldsaktivitetar i morgon ;)
No skal det leverast og deretter sovast!

Frk. Bogstad


lørdag 6. oktober 2012

Anonyme timeglas del 3 - Stjernekort

Frå noko man kan i del 2, til noko man aldri har gjort før, i del 3
~ av Anonyme scrappere sitt anonyme timeglas 
Tema:

Anonyme Timeglass Høst 2012 er

IKKE KVADRATISK eller REKTANGULÆRT
- du kan videre velge selv om du lager kort/LO/kreasjoner

Del 3: Farge

Gull eller Sølv eller Bronse
(i tillegg til andre farger så klart)

Eg har valg fargen: GULL

Eg har sett mange flotte stjernekort og tenkte at det kan eg prøve. 
No hadde eg heldigvis laga klart basen på førhand,
(har nokre sånne halvvegs-prosjekt liggande) 
so eg slapp å bale med det. 
Va no sovisst bal nuk å klippe til panela ..
*sukk*

So her e mitt bidrag: EIT STJERNEKORT

Det ser sprekare ut i verkelegheita,
for utan blits blir det mørkt og uklårt
og med blitz blir gull, svart ...

Fakerten ta bilder som ikkje vil snu seg ...
 Roser frå woc

Swirl frå Magnolia
kjøpt på Bokuben i Førde. 

 Stempel frå Kort og Godt
Embossa med gull pulver
Dies frå Spellbinders

Skrivefelt inni 
 Halvperler frå Storyteller

Nøgd i dag óg eg :D
Ha ein fine kveld
GOD HELG~klem frå Frk. Bogstad

torsdag 4. oktober 2012

Anonyme timeglas del 2. Veskekort

So var det tid for anonyme timeglas del 2

Tema:

Anonyme Timeglass Høst 2012 er


IKKE KVADRATISK eller REKTANGULÆRT


- du kan videre velge selv om du lager kort/LO/kreasjoner

Selve oppgaven er følgende:

Del 2: Fri Oppgave

Lag det du vil

Og når det lyde so, lagar man noko man kan;
nemleg veskekort :)
Min variant av veskekort altso ..

Mitt fadderbarn, Eline 
fylte 20 år her hin dagen.
Ho er glad i sko, vesker, pynt og stæsj.

Her e mitt bidrag til anonyme scrappere sitt timeglas del 2:


Mønsterark frå Maja Design.
Veska har Silhouette sd kutta for meg.

 Charms frå Storyteller


 Har embossa Hurra for deg! 
med stempelpute Pink Pastell 
og
embossingpulver Clear.
Ogso har eg
tørrembossa sommarfuglen.
Fekk det ikkje heilt som eg ville, men pytt altso.
Ogso ser eg at eg gløymde å lime på 20-talet eg hadde rulla ut ..
*akk*


Roser frå WOC
The roses are from Wild Orchid Craft's
and I'm attending their challenge - anything goes - week 60

So dett var dett ;)
No e det berre å vente på morgondagens oppgåve :)
Ha ein god kveld.
Klem frå Frk. Bogstad

tirsdag 2. oktober 2012

Anonyme timeglas del 1 - Penne(holder)boks

Ja so va endeleg anonyme timeglas tilbake.
Synst det va utfordrande og kjempekjekt å vere med i februar.

Here goes:

Tema:

Anonyme Timeglass Høst 2012 er

IKKE KVADRATISK eller REKTANGULÆRT
- du kan videre velge selv om du lager kort/LO/kreasjoner

Selve oppgaven er følgende:
Del 1: Detaljer

Bruk følgende:
Blonde/Bånd + Perler + Maling/Mist


Mitt bidrag i del 1 er ein penne(holder)boks :)
Store blomster frå woc, små frå Storyteller.
Det samme er halvperlene.
(frå storyteller altso)
Blonder frå Europris - design Galerie -
Mønsterark frå Maja Design.
Charms'n anar eg ikkje kor eg har kjøpt ..
Stjerna til høgre er frå ei gammal dongeribukse og målt med Gesso og Panduro acrylic ~ rosa, ogso spraya med glimmer mist.
Perler på stilk er frå Gutermann og er heimetredd ;)
Heile boksen er til slutt spraya med Glimmer Mist
~ creme de cocoa ~
Eit fint *gullstøv* over alt ♥

til og med på perlene ... :/ bah!

Stjerna har eg måla med Gesso og stansa ut med dies frå ...
står stilt der no jah ...


Eg er godt nøgd med mitt resultat :)
Ha ein god kveld.

Klem frå Frk. Bogstad

psst: Det e vel kanskje lurt å nemne at eg DELTEK
på anonyme scrappere si utfordring
anonyme timeglas del 1

Tjohei

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥