torsdag 27. oktober 2011

Eit ganske enkelt kort :)

Det tok meg jaffal ikkje meir enn 1 time
(når eg fyst hadde funne ut korleis eg ville ha det ;)

Liggande
 
Ståande

 Bakside

Stempelet er frå Norsk Stempelblad as 27B
Dies'n  er Nellie Snellen MFD 020
Rosene er Storyteller
Mønsterarket meinar eg kjem frå Ladybug and friends ..

onsdag 26. oktober 2011

Blogg candy hjå Loo-Loo design

Lill har 1 års bloggdag ♥
Og det feirar ho med ein blog candy.
Trykk her for direktelink til candy.
Dette e link til heile bloggen hennar.

ENJOY


Candyvinner trekkes den 30. november

fredag 14. oktober 2011

Maribel til 17 åring :)

Eg kjenner mange som har jebbus i oktober.
Her er eit som Anne - 17 år fekk hjå tante :)

 Maribel er vanskeleg å få fin.
Eg påføre på nytt og på nytt blekk og stemplar til eg vert nøgd.
Og det vert nokre avtrykk som går i søpla ...

Roser frå Storyteller. Den store kjøpt på Kulør/panduro i Førde.
Sølvpynten seier: Made with love.

Elles må det nemnast at eg 2 oktober vann Jorill sin blogcandy :D
Masse fine roser, 3 lys og serviettar.
*happy happy*

Ha ei god helg :)
Klem frå Frk. Bogstad

onsdag 12. oktober 2011

Bestillingskort til dame - 50 år

Bestillingskort til dame 50 år.
"Enkelt" å lage kort når man kjenner den som skal få det.
Mønsterarket er frå Maja Design
50 talet og swirlen har silhouette fiksa.
Blomster frå Storyteller
og
stempel frå Norsk Stempelblad as (27B)
Blonden kjøpte eg på Voss Moteforretning.


 Dette kortet laga eg til tanta mi som fyller 85 år I DAG.
Hipp Hurra for tante B :)
Hekle-blomsten har Elaine Solheim laga..
Ho e megadyktig og rask.
15 blomar på 1,5 dag!!
I dag har eg kjøpt baby-ull, so blomane ikkje vert so tjukke ;)

Swirlane e Sizzix som har prega.
Og den mørke-lilla pynten e silhouette sitt verk.
Splitbindersen i midten e Memories dekor kjøpt på Nille.

Haustklem frå Frk. Bogstad

tirsdag 11. oktober 2011

Bestillingskort til mann - 40 år

Fekk bestilling på kort til mann 40 år.
Han har tidlegare dreve med motorcross
(det va d einaste kriteriet ;)

So here goes:
40 talet og hjørna e frå Silhouette.
Stjernene e ein utstansar
og bilde frå nett

Mottaker vart glad og då e eg nøgd ;)

mandag 10. oktober 2011

Blog candy frå Helle's Hobbyloft

har snart 50.000 besøkande på sida si.
Og det feirar ho med ein candy


Gå inn på bloggen hennar og sjå alle dei flotte korta, m.m ho lagar :)

Eg skal jaffal vere med på den ;)

mandag 3. oktober 2011

Trappekort til Eline

Fadderbarnet mitt, Eline fylte 19 år 2 oktober.
I den anledning lagde eg eit trappekort.

Her e framsida - før eg stempla
*Hurra for deg som fyller ditt år*
Hvilket eg gløymde å ta bilde av etterpå :/

 Slik ser kortet ut frå oppsida

 Kortet inni

 Kortet utbretta
Einaste pynten eg brukte, var halvperler
 i midten på blomstrane og 2 hjørner av MFD031
i det rosa feltet til venstre.
Skreiv helsing på transparent/kalket papir.

Dette va fyste gong eg lagde eit sånt kort,
og etter den tida eg brukte på å få det til å stemme,
vert det kanskje det siste óg ..

 Og sånn såg det ut ute i går på dagtid ;)
utsikt mot Reed Camping, Seime og Skjortefjellet :)

Ha ein fine kveld :)

søndag 2. oktober 2011

Kva heiter MOTIVET?

Dette er ein bedårandes bamse
som eg håpar
DU
kan hjelpe meg med
å finne namnet
og
kvar eg kan få kjøpt stempelet.

Kortet e laga av:
 Camilla frå Camilla sin papirkrok
The card are made of
Camilla from Camilla sin papirkrok.
I wonder; what is the name of the teddy?
And where can I buy the stamp?

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥