søndag 28. august 2011

Bursdags-kort

Her kjem det siste kortet som eg har laga på denne kreative sundagen i august :)

(eg e ikkje noko flink å fargelegge, berre so det e sagt!
-dessutan gjekk dette veeldig fort føre seg)

Eg deltek på desse utfordringane:

Hovudbildet e sverta med chalk - Lavender
og
det fargerike arket har revne kantar.

*Hurra for deg som fyller ditt år*
(is a line from a norwegian birthday song)

Kommode-kort

I dag har eg vore kreativ de luxe : D
Det e fordi det har regna mest i heile dag og eg har
hatt mange prosjekt som skulle utprøvast.
Til dømes: Kommode-kort.
Det gjekk litt skeis, so dette vert eit kort eg beheld sjølv ..
Innsida på kortet må eg gjere ferdig sidan.

Here goes:

ståande

liggande

Eg har brukt tapet som ark.
Kjolen har eg fyst skjært ut i silhouette'n som mal
og deretter klipt ut med passande tapet farge.
Blomstane er ein punch.
Teksten e skreven i microsoft word
med skrift-typen Papyrus str 24.

Håpar de synest det va litt fint :)

Ein anna vri på hjørne bokmerke

Forrige innlegg var eit enkelt bokmerke.
Her kjem ein anna vri. Fann den på Henrikkes kortkreasjoner
Denne her e nuk hakket beire, sidan der e "rygg" på den :)

Litt for enkelt pynta dette óg, men e ikkje heilt inne i det enno ..


       Eg har brukt:
  • Xcut punch - Lace trim
  • chalk rundt bildet - Chestnut Roan
  • chaklk rundt bokmerket - Creamy Brown
  • halvperler
  • Bilete har eg kjøpt på The Paper Shelter .
Ha ein flotte sundag :)

lørdag 27. august 2011

Hjørne bokmerkje

Såg eit slikt flott hjørne bokmerkje og tenkte at sånt vil eg óg kunne lage.
Men dette vart veldigt enkelt pynta. Kanskje fordi eg skal rekke ei utfordring? ;)
Here goes :

med blitz

utan blitz

Eg har brukt
  • punch frå Xcut - Lace Trim
  • MS butterfly (den store)
  • Spellbinders, labels two - an' minste
  • halvperler
Utfordring eg deltar på:

mandag 15. august 2011

Bursdagskort i august

 Frå grantante til Marthe sin 3 års dag


 Frå oldebesta til Marthe



TOG-KORT
Mal til denne fann eg her
Bestillingskort frå ei bestemor til nytt barnebarn

Baksida på tog-kortet.


mandag 8. august 2011

Vår djupaste medkjensle ..

Forrige tysdag døydde ein nabo. Brått. I ein alder av 72 ..
Veldig trist. Vi forstår ikkje at det har skjedd. Han var jo frisk til det brått var slutt.
I morgon er det gravferd. Det vert ein tung dag.

Eg sit no å lagar kort frå meg & mine.
Her fant eg eit fint dikt som eg hadde inni kortet.


Framsida på kortet er skjært ut i Silhouette.
Tekst har eg skreve i Microsoft Works.

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥