torsdag 28. juli 2011

Det er sommer, det er sol og det er alltid fint veir på sundagar!!

Den kreative sida mi ligg vistnuk i dvale i juli ..
Eg har prøvd å få i gong noko sundagane, men her i Breim e det alltid sol DEI dagane ..
Dvs tankane kretsar om foreståande prosjekt, men eg får liksom ikkje ro i kroppen til å gjennomføre ..

Og på måndag (25.07) kom ein lei grunn til at eg er adskilt frå den kreative hula eit par mnd fram i tid.
Lyn og torden gjorde at ei elv i nærleikjen, vaks seg altfor stor til elveleiet sitt.
Kjellaren min vart fylt med vatn. Papir for ca kroner 4000, vart so å seie gjønablautt.
No har eg tørka papira på badgolvet, men det e bulkete og rare.
Elles måtte vi skifte ut 2 frysara. Vatn opptil 25 cm på veggen e ikkje bra for verken frysar eller stikk-kontakter!!

Det e sjølvsagt ikkje noko i forhold til det som skjedde i Oslo/Utøya fredag 22 juli.
Huff og huff kor mykje skade ein manns verk kan gjere.
Men som nokon sa rett etterpå: Om èn mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise.

Andre sitat som har sett seg fast i minnet: ¨
Sveriges utanriksminister Carl Bildt - I dag er vi alle Nordmenn.                 Då felte eg ei tåre.
Og når AUF-leiar Eskil Pedersens sa: Han tok noen av de vakreste rosene våre, men han kan ikke stanse våren.

I dag fekk vi bekrefta at jenta frå Stryn og Ørsta omkom på Utøya.
Elles vil eg takke for at Torbjørn Vereide og Fred Ove Løtuft kom frå det med livet i behald, men har djupe sår i minnet. Håpar såra gror, men at dei aldri gløymer vennane sine ..

Elles må eg innrøme at eg har ikkje sett so mykje fjernsyn sidan laurdag. Det e for ille å ta inn over seg.
Eg e redd at når eg fyst byrjar gråte, vil det aldri sleppe taket ..

Ang. det kreative: eg kjem sterkt tilbake ; )
GOD SOMMAR inntil vidare :D

tirsdag 12. juli 2011

Big Shot

I går kjøpte eg meg Big Shot maskin i Førde.
For der e enkelte ting mi Silhouette sd ikkje kan.                      
  • prege papir
  • skjære i 220 g/m2 papir og oppover
Ogso kjøpte eg meg 2 dies.
Nellie Snellen: MFD 027 og MFD 018

Eg lure på om de vil kommentere og skrive kva dies de har, som de ikkje klarar dekan utan.
Då blir eg *happy* for eg skal ha fleire, eg veit berre ikkje kva slag enno ..

Ha ein fin dag :)


Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥