torsdag 28. oktober 2010

Halloween

Eg arbeider på ein lokal pub i helgane. Og til helga arrangerar vi Halloween-party.
So eg har laga 3 stk plakatar og eg e so nøgd med dei, at det e litt skryt ; )

      Teksten om innhaldet, limte eg på seinare.
Mellom den snertne heksa og casper : )

Alt e skjært ut med Silhouette sd .


mandag 18. oktober 2010

Elskar min Silhouette sd !

Silhouette SD, e den mest geniale oppfinninga eg veit om!
Den skjærer i staden for å skrive.
Eg kjøper motiva på Silhouette Online Store og kan variere storleiken på motiva frå 1x1 cm
til eit heilt A4 ark : ) GENIALT!!
No held eg på å skriv ut pingvinar. Til julekort. Elles har eg sett i hop tingeling'ar.
Sjå bilete nedanfor, so forstår du sikkert beire kva eg meinar ; )

                                      

                                                 *tingeling'ane* er i 9 delar. Pingvinen i 13.

No for tida e det kun silhouette eg brukar når eg lagar kort.
Swilar, sommarfuglar, blomster, bokstavar, tal m.m
Ogso desse i-hop-sette figurane.

søndag 10. oktober 2010

Eg har fått heilt DILLA på te-lys kort.

I dag har VERA jebbusdag. Ho e veldig spesiell for meg, so ho måtte få eit skikkeleg pænt kort.
Og sidan eg har te-lys kort på hjernen, fekk ho eit slikt. Som eg brukte 3,5 timar på!!!!
Men so vart det no skikkeleg bra til slutt óg ; )


Framsida

                                                                            Baksida

Synst i alle fall eg!

No e ikkje eg slik laga, at eg har alt klart på førehand. Eg lagar det eg treng etter kvert.
Det e nuk difor det tek so lang tid ; )
Men eg har storkost meg i heile dag, medan eg lagde det. Vél verd alle timane i fineveiret!

Bokstavar og pynt har Silhouette SD 'n min skjært ut. Mest vel brukte pengar nokon gong : )





fredag 8. oktober 2010

Te-lys kort

I går var eg hjå mi kreative venninde, Hildegunn. Vi pla møtast 1-2 gongar i mnd for å ha ein
*lage kort kveld*. I går skulle ho lage te-lys kort. Eg vart so fasinert at eg gløymde heilt å gjer noko sjølv.

I dag hadde eg fri frå arbeid. Og endå so fint veir det var ute, klarte eg ikkje heilt lausrive meg frå benken ..
Eg lagde fyst eitt kort, men fann ut at sidan eg hadde brukt so kort tid, måtte eg ha gjort noko gale.
Det viste seg å vere rett. Papiret var feil og klaffane vart *koko*. Limpistolen min var heller ikkje heilt go'...

So byrja eg på nr. 2, men fekk ikkje det til då heller. So då klippa eg av klaffane.
So då får det vere opent i begge endar.
Ska sjå om eg får lagt inn bilde i morgon.
No står kveldsarbeid for døra.

God helg : *

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥